Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Veileder

Rettleiar i risikostyring i statlege verksemder(frå DFØ)

Kategori: Anbefalte

Publisert: 15.12.2011

Sist endret: 28.02.2012

Korleis få ein god start på risikostyring i statlege verksemder? Senter for statleg økonomistyring har laga denne rettleiaren som gjev nokre praktiske råd om korleis verksemda kan byrja med risikostyring og utvikla henne vidare slik at ho vert eit nyttig verkty i styringa av verksemda. Rettleiaren lyt sjåast som eit supplement til SSØs metodedokument, men kan òg lesast som eit sjølvstendig dokument.

 

Rettleiaren er fyrst og fremst retta mot leiarar og medarbeidarar som hjelper leiarar med innføring og tilretteleggjing av risikostyring.

Rettleiaren gjev fyrst ei stutt skildring av kva risikostyring er og korleis det heng i hop med prinsippet om mål- og resultatstyring og omgrepet intern kontroll (kap. 2). Dinest går me inn på kvifor statlege verksemder skal nytta risikostyring (kap. 3). Hovuddelen av dokumentet handlar om korleis ein skal føra inn risikostyring (kap. 4). Me utdjupar og konkretiserer her tilhøve knytte til dei 8 stega som er skildra i metodedokumentet. I kapittel 5 peikar me på korleis risikostyring kan verta eit effektivt styringsverkty.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er ansvarleg for denne rettleiaren.