Gjeldande samføringar er gjevne i rundskriv P-11/2011 frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD). Det er avgjerande at verksemdene tek utgangpunkt i dette rundskrivet, og ikkje det tidlegare P-4/2010, når dei lagar sine eigne satsingsframlegg.
Difi laga i 2009 fyrste versjonen av eit sjølvdeklarasjonsskjema der dei viktigaste IKT-relaterte samføringane kom fram. Skjemaet er revidert tufta på attendemeldingar og erfaringar, og oppdatert i samsvar med dei gjeldande samføringane.
Skjemaet har to bruksområde:
- Skjemaet skal nyttast i samband med IKT-relaterte satsingsframlegg.
- Skjemaet kan nyttast som ei sjekkliste og ein dokumentasjon på korleis etatane/verksemda etterlever og har fylgt opp føringane.
Sjølvdeklarasjonsskjema og satsingsframlegg
For å auka medvitet kring og syta for etterleving av samføringane, vart det i 2009 innført ei endring i budsjettprosedyren som er vedteki vidareførd. Endringa inneber fylgjande: Sjølvdeklarasjonsskjemaet skal leggjast ved alle IKT-relaterte satsingsframlegg, og ein kopi av satsingsframlegget inkludert sjølvdeklarasjonsskjemaet skal sendast FAD samstundes som det vert sendt til Finansdepartementet. FAD vurderer framlegga mot dei IKT-politiske føringane, og kjem deretter med ei utsegn til Finansdepartementet.

Rundskriv P-11/2011
Selvdeklarasjon versjon 3 (DOCX)
Selvdeklarasjon versjon 3 (PDF)