Ved all utveksling av informasjon mellom statlege verksemder og med ibuarar/næringsliv skal teiknsettstandarden ISO/IEC 10646 representert ved UTF-8 nyttast. Førebels vert det godteke avgrensa støtte til teikn som finst i ISO 8859-1 med omfamt 6 nordsamiske teikn i store og små representasjonar. Statleg sektor skal stetta kravet frå 1. januar 2012.
Det er obligatorisk for alle statlege verksemder som skal gjera større omleggjingar, gjennom nyetablering eller vidareutvikling, å implementera full støtte for ISO/IEC 10646. Kravet skal gjennomførast frå datoen denne katalogen tred i kraft. Dersom prosjektet inneber utvikling av fagsystem, bør det stillast krav om dette i kravspesifikasjonen.
Tanken attom standarden er å fremja eins samhandling i offentleg sektor. Dessutan er standarden med på og gjev støtte for alle naudsynlege teikn. Dette er serleg aktuelt for samiske og europeiske teikn som ofte ikkje vert stødde i eksisterande løysingar.
Dersom fagsystemet skal utveksla informasjon med andre system utanfor verksemda som ikkje har støtte for å ta imot informasjon (eller gje ifrå seg informasjon) i UTF-8, bør systemeigarane informerast om at dei lyt syta for konvertering frå UTF-8 til det teiknsettet fagsystema stør.
Kravet om UTF-8 gjeld ikkje ved utveksling internt i verksemda.

Standarder for tegnsett