Erfaringane er skrivne med tanke på å gje ei overordna skildring av IT-prosjektet og kva hovudrerfaringar verksemda har vunne, og som kan vera nyttige for andre. Du finn òg kontaktinformasjon til dei som har lagt ut erfaringane sine, slik at fleire erfaringar og synspunkt rundt IT-prosjekta kan delast gjennom møte og samtaler. Erfaringsdatabasen kan soleis vera med på å byggja eit kunnskaps- og erfaringsnettverk i offentleg sektor knytt til IT-innkjøp.
Difi vil jamleg vida ut Erfaringsdatabasen med fleire erfaringar og ny funksjonalitet som stør erfaringsdelinga i offentleg sektor. Me ynskjer difor dine erfaringar knytte til IT-innkjøp.
Me ynskjer òg dine attendemeldingar på bruket av Erfaringsdatabasen. Er erfaringane nyttige og relevante? Er det noko du saknar? Fann du det du venta?
Meld inn dine ynske, kommentarar og innspel her.
Les meir om bakgrunnen for etableringa av Erfaringsdatabasen her:
