Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Erfaring

Innkjøp av prosjektstyringsverkty til universitets- og høgskolesektoren

Kategori: Til inspirasjon

Publisert: 15.12.2011

Sist endret: 08.02.2012

Innkjøp og innføring av nytt prosjektstyringsverkty til universitets- og høgskolesektoren. Prosjektet femnde utgreiing, spesifisering, innkjøp, tilpassing og utrulling, og varde frå 2006 – førestudie, til 2009 – implementering av vald løysing.

Erfaringsbeskrivelse

 

UNINETT FAS kjøpte inn prosjektstyringsverktyet på vegner av – og i samarbeid med – den delen av universitets- og høgskolesektoren som var interessert i eit sams prosjektstyringsverkty. Prosjektstyringsverktyet vart levert som ei teneste (SaaS) til universitets- og høgskolesektoren, der den einskilde institusjonen skal kunna gjera avrop på den inngåtte råmeavtala når dei sjølve ser seg tente med det. Fyrste delen av prosjektet gjekk ut på å vurdera om det fanst grunnlag for sams innkjøp av eit prosjektstyringsverkty til universitets- og høgskolesektoren. Når dette var vurdert positivt, byrja arbeidet med å laga ein sams kravspesifikasjon og gå ut på eit sams offentleg tilbod. Tilpassing og vald løysing og etablering av integrasjonar vart gjort, før utrullinga vart påbyrja som siste delen av prosjektet.

Hovudrøynslene frå prosjektet var at det er like viktig å velja ein god og fleksibel leverandør som å kjøpa/utvikla eit godt og fleksibelt IKT-system. Det var avgjerande for måloppnåinga å involvera lokale systemeigarar og sluttbrukarar i heile prosjektet. Fokuserte på, og lukkast med valet av leverandør, ikkje berre system. Såg det var viktig å synleggjera omfanget av råmeavtala for leverandøren.

Prosjektet gjekk gjennom alle prosjektfasane i prosjektvegvisaren, med hovudvekt på design og utvikling.

(Fleire opplysingar om prosjektet vert tilgjengeleggjorde når røynsledelen i prosjektvegvisaren har fått ny utsjånad)