Erfaringsbeskrivelse
Me er no inne i ein implementeringsfase. Røynslene frå denne til no syner at dette vart eit noko komplisert prosjekt som etter ein lengre prosess ser ut til å verta avslutta med eit vellukka innføringsprosjekt og vonleg ei god byrjing på forvalting av biologisk mangfald-data i regionen.
Trass i tre involverte leverandørar og to tenarinstallasjonar ser resultatet ut til å verta godt. Kart- og nettenar vert drifta av ein leverandør, medan Natur2000-basen vart installert hjå ein lokal leverandør. Utbydinga var å få dette til å spela på lag slik at biologisk mangfald-data frå Natur2000-basen vert presentert på ein god måte på den sams nettenaren vår.
Alle leverandørane har stilt opp og vore løysingsorienterte! Dessutan har IKT-samarbeidet i regionen òg vore med i prosjektet og kome med positive tilskot. Einaste noko negative merknaden er at dette har teke noko lengre tid enn ein fyrst trudde.
