Erfaringsbeskrivelse
Gjennom utbyggjing av breibandsnett mellom alle dei kommunale lokalitetane, som vart gjennomført i 2008, vart det teknisk mogeleg å drifta alle telefonane og kalenderløysingane i alle tre kommunane på same tekniske plattformen. Dette opna so for mogelege vinningar ved å ta i bruk slike støttefunksjonar i kommunane. Éin kommune kan drifta alle avdelingane i kommunane frå same sentralbordet. Éin kommune kan drifta dei to hine kommunane frå sentralbordet sitt. Dette gjev kor som er ei innkjøpsvinning gjennom større og meir rasjonelle innkjøpsavtaler på telefonitenester.
Dette prosjektet skulle planleggja og koordinera gjennomføringa av den tekniske delen av desse rådgjerdene. Dessutan skulle prosjektet greia ut dei høva som då opnast til å få ut organisatoriske vinningar av ein slik ny infrastruktur.
Prosjektet femnde hovudsentralane for telefoni og alle dei største avdelingane i kvar kommune. Det femnde òg innkjøp av sams sentralbordløysing kopla til tenester og kalenderfunksjonar, inkludert opplæring av sentralbordpersonale. For kartleggjing og planleggjing av organisatoriske vinningar femnde prosjektet planleggjingsdelen, men ikkje gjennomføringa av slike tiltak.
Utbydingar me støytte på: Med di telefonitrafikken gjekk innanfor brannmurane våre, oppstod sers mange feilsituasjonar som var vanskelege å finna ut av. Fleire vart liggjande uløyste. Då trafikken vart flytt ut i eige VLAN, vart det slutt på alle feilsituasjonane, og både kontakt mellom sentralar og Trio ter seg normalt. Elles er ei anna utbyding samarbeid og avlasting mellom sentralbordtenestene. Noko organisatorisk motvilje mot samarbeid gjorde forsøk med avlasting mindre vellukka. Klåre retningsliner frå toppleiinga er avgjerande. Innføring av Trio gjekk heilt greit, mykje informasjon i førekant og pålegg frå rådmennene verka godt.
