For å få til meir samhandling er det mellom anna naudsynt med styring av IKT-utviklinga. Med dette som bakgrunn skal denne delen av Prosjektvegvisarane gje ei oversyn over IT-styring i offentleg sektor, det vil seia som eit politikkområde. Samstundes vert det òg gjeve oversyn over IT-styring som eit fagområde (IT governance), der me vil hevda det er råd for offentlege verksemder å henta lærdom frå privat sektor.
