I regi av Difi og Prosjektvegvisaren fór representantar frå ei rad ulike statlege etatar og verksemder på ein tre dagar lang studietur til London fyrst i desember. Målsetnaden med studieturen var å få informasjon om kva grep ulike britiske etatar har teke for å få kontroll med porteføljestyringa og korleis dei har organisert seg. Storbritannia er hardt råka av finanskrisa, og den konservative administrasjonen har kutta kraftig i offentleg sektor. Dei ulike verksemdene har difor lote ty til tolleg dramatiske grep for å kunna halda oppe effektiv drift og eit velfungerande tilbod.
Me byrja med ein executive class med gjennomgang av råmeverk ved Alan Sommerfield. Me fekk òg presentert OGCs råmeverk (sjå vedlagd presentasjon).
Me fekk presentasjonar frå ei rad etatar som synte korleis dei nytta råmeverket i praksis. Attendemeldingane her var oppsummert: dei er sers nyttige, men lyt nyttast individuelt og ikkje slavisk.
Der var representantar frå Skattedirektoratet, NAV, Helse Sør-Aust, Brønnøysundregistra, Helse Vest, SSØ, Statsbygg, SPK, Politidirektoratet, Kulturdepartementet og Helsedirektoratet.

Informasjon om de ulike etater og foredragsholdere