I regi av Difi og prosjektvegvisaren var sentrale aktørar frå ulike offentlege verksemder og etatar innan IKT-prosjektstyring samla i to dagar på Holmenkollen Park Hotel Rica. Målsetnaden for desse dagane var røynsleutveksling, ordskifte og fokus på framvegar og strategiar når det gjeld prosjekt-, program- og porteføljestyring av IKT-prosjekt i staten. Samlinga var ei blanding av presentasjonar, gruppearbeid/workshops, røynsler og attendemeldingar. Samlinga vart avslutta med eit panelordskifte samansett av deltakarar frå samlinga og ein aktiv åhøyrarlyd. Det var ein sers engasjert og kunnskapsrik lyd. Trass i at der var ca. 50 personar til stadar, vart det eit godt og interessant ordskifte, der salen kom med sine innspel.
Konklusjonen etter samlinga var at det hadde vore lærerikt og nyttig å få presentert utbydingar og løysingar frå dei ulike etatane, at der er stort potensial i å læra frå einannan, og at me står andsynes store utbydinger, men òg mange framvegar.
Deltakarar frå:
FAD
Servicesentret for departementa
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Forsvaret
Helse Sør-Aust
Helse Vest
Helsedirektoratet
Kyrkjerådet
KS
NAV
Politiet
Senter for statleg økonomistyring
Skattedirektoratet
Statens pensjonskasse
Statsbygg
Statsnett
Asker kommune
Bamble kommune
Bærum kommune
Oslo kommune
Hamar kommune

Agenda Samling 10. - 11. februar 2011