Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Nyhetssak

NOKIOS 2011 – Gevinstar ved sterkare IKT-styring

Publisert: 06.01.2012

Sist endret: 16.01.2012

20. - 22. september 2011 blei årets NOKIOS konferanse gjennomførd på Rica Nidelven i Trondheim. Blant dei spørsmål som vart adresserte var: Kva kan me tene på å digitalisere Noreg? Er me klare til å ta ut gevinstane av arbeidet, og korleis skal dei verte teke ut? Tone Bringedal, avdelingsdirektør i Difi, Torbjørn Undeland frå DFØ og Michael Busk-Jepsen frå Økonomistyrelsen i Danmark bidro i sesjon om «Gevinstar ved sterkare IKT-styring» med sine perspektiv på korleis me kan adressere nokon av dei noverande og komande utfordringane.

20. - 22. september 2011 blei årets NOKIOS konferanse gjennomførd på Rica Nidelven i Trondheim i regi av NTNU og Difi. Gjennom føredrag, kurs og temaverkstad vart det utveksla erfaringar innanfor IKT i offentleg verksemd.

Ein av sesjonane på årets NOKIOS konferanse omhandla «Gevinstar ved sterkare IKT-styring». Deltakarane fekk oppleve spennande framstillingar frå avd. dir. Tone Bringedal i Difi, avd. dir. Torbjørn Undeland frå DFØ og Michael Busk Jepsen frå Økonomistyrelsen i Danmark. Fokus for dei alle var korleis me i større grad kan lukkast med å henta ut ynskjelege gevinstar når me investerar i ny teknologi.  

Sjå video av sesjonen ved å trykkje på lenka her.

Ei forutsetting for å lukkast med å henta ut gevinstar når me investerar i ny teknologi er at sjølve prosjekta lukkast.  Prosjektvegvisaren har som målsetjing å medverke til fleire vellukka prosjekt i offentlege verksemder, gjennom å gjere tilgjengeleg og formidle god praksis for å setje i verk og gjennomføre prosjekt.

Me ynskjer dykk alle eit godt nytt år og håper at video av gevinstrealiseringssesjonen på NOKIOS kan gje inspirasjon og motiverer til fleire vellukka prosjekt i 2012.