Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Publisert: 26.10.2009

Sist endret: 26.10.2009

Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) har fått i oppgåve å få opp ein sams infrastruktur for eID i offentleg sektor. For å løysa dette vidfemnande oppdraget etablerte Difi nasjonalt eID-program i 2008. Programmet har no ein stor del av den fremste kompetansen i landet på PKI og eID, og det siste året har arbeidet med å få opp ein sams infrastruktur skote fart.

Difi leverer

MinID vert snart lansert i versjon 3.0, med auka brukarvensemd og tryggleik som dei to viktigaste betringane. Arbeidet med nasjonalt ID-kort er i full gang og ID-porten skal vera ferdig i fyrste versjon rundt nyåret. I samband med dette vert det òg arbeidt med å finna ut kva for eksisterande eID-løysningar på tryggleiksnivå 4 som kan integrerast – og når.

Operative hovudprosjekt for eID-programmet

  • eID-programmet syslar parallelt med fleire delprosjekt:
  • Elektronisk ID på tryggleiksnivå 3 (ny versjon av MinID)
  • Elektronisk ID på tryggleiksnivå 4 («nasjonalt ID-kort»)
  • Sams infrastruktur for eID i offentleg sektor (ID-porten)
  • eID-ar på marknaden

Elektronisk ID på tryggleiksnivå 3 (ny versjon av MinID)

MinID er ein offentleg utferda eID, utvikla og drifta av Difi. Han vert no framboden som ei sjølvstendig eID-løysing til offentlege verksemder. Over 70 statlege og kommunale verksemder nyttar i dag MinID som innloggingsløysing til sine tenester. Mellom dei største er Skattedirektoratet, Lånekassen, NAV, Brønnøysundregistra, Posten og fleire kommunar. MinID syter for lik innlogging på tvers av verksemdene. Med MinID kan statlege og kommunale verksemder lettare by fram tenestene sine på nett, og spara tid og resursar ved at dei ikkje treng å drifta eigne løysingar. MinID har, per 1. oktober 2009, 1,5 millionar brukarar.

Elektronisk ID på tryggleiksnivå 4 («nasjonalt ID-kort»)

Fleire tenester stiller krav til ei eID-løysing på høgare tryggleiksnivå (4) enn det som kan varetakast av den eksisterande MinID (3) i dag. Difi samarbeider difor med Justisdepartementet og Politiet om å leggja ein elektronisk ID på eit komande «nasjonalt ID-kort». Dette kortet skal vera eit offentleg utferda ID-bevis og reisedokument innanfor Schengen. Det skal ha éin chip for biometri og éin chip for eID.

Sams infrastruktur for eID i offentleg sektor (ID-porten)

Difis mål er å leggja til rette for so stor utbreiing og bruk som råd er av offentlege tenester på nett. Fyrste føresetnaden er å få opp ein sams infrastruktur for bruk av eID på et tryggleiksnivå som varetek krava det offentlege har til datatryggleik og personvern. ID-porten (før «samtrafikknavet») er sjølve hjernen i infrastrukturen for bruk av elektronisk ID. Den skal lata brukaren kunna velja mellom ulike eID-ar som stettar dei offentlege krava til tryggleik, for å få verifisert kven brukaren er. Deretter kan ID-porten gje ei stadfesting på brukaridentiteten vidare til tenesteeigarane, som til dømes Skattedirektoratet eller Lånekassen. Etter kvart skal ID-porten òg kunna tilby signering og kryptering. For brukaren vert ID-porten berre vist som eit innloggingsvindauga som er sams uavhengig av tenesta.

eID-ar på marknaden

Det finst i dag fleire etablerte eID-løysingar som vert nytta av mange folk til å nå tenester på nett. Med ein målsetnad om at ein skal kunna nytta éin og same eID til alle offentlege tenester, er det ynskjeleg at òg eksisterande eID-løysingar som stettar krava frå det offentlege, skal kunna nyttast som innlogging til offentlege tenester via ID-porten. Difi har difor sett i gang ein tevlingsprega dialog med private tilbydarar av eID-løysingar på tryggleiksnivå 4. Tre tilbydarar er med i dialogen: Buypass AS, BankID Norge AS og Commfides AS.

Internasjonalt samarbeid

Bruk av eID er ikkje eit nasjonalt, men eit globalt behov der samhandling og interoperabilitet mellom nasjonar og system er ein føresetnad for fungerande løysingar. For internasjonal samtrafikk tuftar me difor arbeidet vårt på resultata av EUs storskala pilotprosjekt STORK (Secure identity across borders linked) og PEPPOL (Pan-European Public Procurement Online). PEPPOL vert leidd av Difi.