Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Publisert: 05.10.2009

Sist endret: 15.12.2011

Alle skal kunna kommunisera elektronisk med det offentlege utan å vera avhengige av programvare frå visse leverandørar.

Referansekatalog for IKT-standardar i offentleg sektor gjev oversyn over obligatoriske og tilrådde standardar. I tillegg inneheld katalogen informasjon om standardar det er gjort framlegg om, men som enno ikkje er vurderte (under observasjon), og standardar som er under utfasing.
Standardiseringsrådet skal gjera opptak til og leggja til rette for systematisk bruk av IKT-standardar i offentleg sektor. Difi er sekretariat for Standardiseringsrådet.

Regjeringa arbeider for at IT-løysingane i offentleg sektor i større mon skal tuftast på opne standardar. Dette er viktig mellom anna for å tryggja alle lik tilgang til offentlege tenester uavhengig av kva slags programvareplattform den einskilde vel. Regjeringa ynskjer òg at fri programvare skal vinna større rom, og offentleg sektor skal spela ei aktiv rolle i dette. Det skal difor setjast i gang fleire nye tiltak for å auka bruket av sokalla opne IT-standardar i offentleg sektor.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) får råd frå Standardiseringsrådet om kva standardar som bør tilrådast eller gjerast obligatoriske i offentleg sektor, dvs. verta sokalla forvaltingsstandardar. Rådet skal i fyrste rekkja ta for seg standardar som har relevans for mange offentlege aktørar.