Definerte roller og ansvar

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endret: 25. jun 2019

Her finn du detaljerte rollebeskrivingar for Prosjektvegvisaren sine mest sentrale roller.

Prosjektstyret

Eit prosjekt som fylgjer god praksis har eit prosjektstyre som er ansvarleg for å sikre eit vellukka prosjekt, og har delegert myndigheit frå verksemdsleiinga innanfor fastsette rammer. Prosjektstyret skal spegle interessa til alle involverte parter, så vel verksemd som brukar og leverandør.

I prosjektstyret representerer prosjekteigar verksemdas interesser. På det settet sikrar ein både legitimitet og kopling til leiinga, samt at prosjektet underbyggjer verksemdas overordna mål. Prosjekteigar er prosjektets endelege avgjerdstakar og støttes av representantar frå brukar (seniorbrukar) og leverandørsida (seniorleverandør). Prosjekteigar er leiar for prosjektstyret og er ansvarleg for at prosjektets mål blir nådd.

Ein kan dele myndigheit i prosjektet i tre nivå. Prosjektstyret er ansvarleg for prosjektet si samla leiing og administrasjon. Her sit prosjekteigar med seniorbrukar og seniorleverandør.

Seniorbrukar representerer brukarane sine interesser og er ansvarleg for at prosjektet sitt arbeid med vinstar blir teke vare på. Ved oppstarten av prosjektet bør det peikast ut ein vinstansvarleg som tek ansvaret for at prosjektet sine vinstar blir realiserte, noko som ofte skjer etter at prosjektet er avslutta. Den vinstansvarlege må også vere aktiv vidare i prosjektet, spesielt i samband med oppdatering av vinstrealiseringsplanen. Den vinstansvarlege skal normalt vere ein leiar plassert i den delen av linjeorganisasjonen som skal realisere vinstane, og kan i mange tilfelle vere samanfallande med prosjekteigar eller seniorbrukar.

Seniorleverandør representerer leverandøren og er ansvarleg for å sikre produktkvalitet, teknisk integritet og vedlikehald. Seniorleverandør kan være anten intern eller ekstern.

Prosjektleiar

Prosjektleiar er ansvarleg for den daglege styringa, og under prosjektleiar finn vi teamleiar(ar) som er ansvarlege for produktleveransane. Alternativt kan prosjektet organiserast i delprosjekt med ein delprosjektleiar. Eit delprosjekt har sine eigne definerte mål og leveransar som er trekte ut av prosjektet sitt totale målbilete og samordna med dei andre delprosjekta sine mål og leveransar, samt sin eigen styringsdokumentasjon for sitt delprosjekt. Prosjektet sine delprosjekt vil som oftast vere aktive med stor grad av parallellitet, og vil difor uansett ha behov for innbyrdes kommunikasjon og koordinering. Behov for ein slik organisering og om den er føremålstenleg må vurderast ut frå prosjektet sin storleik, kompleksitet, avhengnadar på tvers av delmål, geografiske føresetnadar etc.

Eit dyktig prosjektleiingsteam er naudsynt for å sikre god prosjektleiing. Ein har behov for ein god samansetting av personer med rett autoritet, ansvarsmedvit og kunnskap for at ein skal kunne ta dei rette avgjerda, men det er vel så viktig at teammedlemmene er samde i prosjektets ansvarsfordeling, kommunikasjon og rapporteringslinjer.

For å få eit vel fungerande prosjektleiingsteam er det avgjerande at ein klart har definert alle teammedlemmenes roller. Samtidig er det naudsynt at teamet ein utnemner eig og forstår kva for kompetanse som krevst. Prosjekteigar blir utnemnd av verksemdsleiinga i konseptfasen. Prosjekteigar er hovudansvarleg for å utforme prosjektleiingsteamet (Prosjektstyret, Prosjektleiar, Teamleiarar/Delprosjektleiarar, Prosjektsikring og Prosjektstøtte) og definere rollebeskrivingane.

Deldette