Kontinuerleg forankring i verksemda

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endret: 04. Feb 2020

Kvart prosjekt skal ha ein kontinuerleg forankring i verksemda. Det vil seie at ein finn ein forsvarleg grunn til å starte prosjektet, og at denne grunngjevinga må vere gyldig gjennom heile prosjektet si levetid. Grunngjevinga skal vere dokumentert og godkjend gjennom ein samfunnsøkonomisk analyse og etterfylgjande Prosjektgrunngjeving.

I ei prosjektgrunngjeving beskriv ein grunngjevinga for prosjektet basert på estimerte kostnadar, uvisse og forventa gevinstar. Også prosjekt ein er pålagt krev grunngjeving av val som blir gjort, sidan det kan vere fleire alternativ som har ulike kostnader, vinster og uvisse. Dersom prosjektet ikkje lenger har ei god nok grunngjeving, bør ein stanse det. Ein kan då bruke ressursar til meir lønsame prosjekt.

Deldette