Prosjekteigarstyring
Prosjekteigarstyring er den overordna styringa av enkeltprosjekt i ei verksemd. Frå ein avgjer at ein skal bruke ressursar på å planleggje eit prosjekt (starte planleggingsfasen) til ein avgjer at prosjektet skal bli avslutta. God prosjekteigarstyring skal sikre at prosjekta blir leia i høve til beste praksis. Gjennom prosjekteigarstyringa blir prosjektstyret i stand til å ta dei viktige og rette avgjerda og utøve overordna kontroll, samtidig som den daglege leiinga av prosjektet blir delegert til prosjektleiar.
Prosjekteigarstyringa skal sikre at:
- Ein har grunnlag for å starte planleggingsfasen gjennom godkjend prosjektforslag
- Ein har grunnlag for å kunne levere prosjektets produkt
- Ein har sikra overordna styring og kontroll i heile prosjektets levetid
- Ein har sikra oppfylging av prosjektets forretningsmessige forankring i heile prosjektets levetid
- Verksemdas leiinga har eit grensesnitt til prosjektet
- Ein har myndigheit til å avslutte prosjektet
- Planer for å realisere vinster blir fylgt opp
Prosjekteigar blir oppnemnd av verksemdsleiinga i konseptfasen. Gjennom heile prosjektet er prosjekteigar ansvarleg for prosjektgrunngjevinga. Prosjekteigar utnemner resten av prosjektstyret, seniorbrukar og seniorleverandør.
Sjå også om endringsleiing under det tverrgåande temaet gevinstrealisering.