Styre i fasar

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endret: 05. jun 2019

Eit prosjekt blir planlagt, overvaka og kontrollert på ein fase-for-fase basis. Dette medfører at leiinga har faste kontrollpunkt gjennom heile prosjektet. Prosjektets status og grunnlag for å fortsette blir vurdert for kvar fase (Prosjektgrunngjeving og anna styringsdokumentasjon), og avgjerder om prosjektet skal fortsette eller ikkje tar ein på disse tidspunkta.

Ein kan berre planleggje effektivt dersom ein har rett planleggingshorisont. Til det brukar ein ein overordna prosjektplan som fylgjast gjennom prosjektet, samt detaljert faseplan for aktuell fase.

Gjennomføringsfasen kan, om det vert vurdert som tenleg, delast opp i to eller fleire gjennomføringsfasar.  Dette må vurderast i kvart enkelt prosjekt ut ifrå omfanget av prosjektet, omgivnader og uvissebilde.  Ei oppdeling i fleire gjennomføringsfasar vil innebere at:

  • Oppstarten av kvar gjennomføringsfase vert gjort gjennom eit særskild kontrollpunkt (BP) som markerer overgangen frå ein delfase til den neste.
  • Omfanget av kvar gjennomføringsfase vil vere avgrensa til arbeidet med dei leveransane som tilhøyrar fasen. Dette skil ei slik faseoppdeling frå ei tilsvarande oppdeling ved bruk av milepælar.

Å dele opp gjennomføringa i fleire gjennomføringsfasar kan ha ulike positive effektar, som for eksempel:

  • Sikrar god forankring i leiinga av prosjektet sin trinnvise, overordna plan.
  • Sikrar at prosjekteigar og prosjektstyre bekreftar sin aksept av at prosjektet er på rett veg.
  • Avgrensar det økonomiske tapet om det viser seg nødvendig å stoppe/terminere prosjektet i løpet av gjennomføringa.
  • Erfaring viser at prosjekt med langvarige gjennomføringsfasar oftare blir forsinka.
  • Ei overlevering av prosjektet sine resultat/leveransar over fleire fasar legg til rette for ein god innføringsprosess og vinstrealisering hos mottakarorganisasjonen/-ane.

Deldette