Verksemdstyring

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endret: 21. okt 2019

Med verksemdsstyring meiner ein det samla sett av aktiviteter som leiinga set i verk for at verksemda skal bli i stand til å realisere sine målsettingar. Leiinga av verksemda er dermed ansvarleg for alle linjeaktivitetar og er overordna ansvarleg for alle prosjekt i verksemda.

Verksemdsstyring i høve til prosjekt er å ha ei strukturert tilnærming til å samle opp gode idear. Vurdere kva for idear som i størst grad understøttar verksemda sine mål, og også passar inn i resten av verksemda sin prosjektportefølje. Leiinga skal vidare sikre at dei ideane som i størst grad understøttar verksemda sine mål blir vidare greidde ut med tilstrekkelege ressursar.

Undervegs i eit prosjekt skal styringa av verksemda understøtte samspelet mellom linjeorganisasjonen og prosjektet. Leiinga av verksemda må sette av ressursar til å realisere gevinstane som prosjektet legg til rette for.

Sjå også om endringsleiing under det tverrgåande temaet gevinstrealisering.

Deldette