Prosjektstyring og smidig utviklingsmetodikk

Dersom utviklinga av programvare skal gjerast ved bruk av smidige metodar (til dømes Scrum) vil dette påverke prosjektleiarens styring av prosjektet. Det vil og ha noko å seie for prosjekteigaren sitt arbeid.

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endra: 16. okt 2019

Prosjektvegvisaren er ein modell for overordna prosjektstyring, og er ikkje meint å erstatte eller vere eit alternativ til programvare utviklingsmetodikk eller andre former for leveranseproduksjon i eit prosjekt. Prosjektvegvisaren sine fasar, beslutningspunkt og leiingsprodukt er uavhengig av kva som er resultatmålet eller innhaldet i leveransane. Konseptfasen og planleggingsfasen handlar om overordna prosjektstyring sett frå prosjekteigarens sitt ståsted. Det er i gjennomføringsfasane at leveransane planleggast og produserast, og her kan både tradisjonelle og smidige utviklingsmetodar som til dømes Scrum brukast innanfor Prosjektvegvisaren si ramme. Prosjektvegvisaren gir ikkje råd og rettleiing om val av utviklingsmetodikk. Den gir heller ikkje eit heilskapleg og uttømmande bilde av alt ein treng for å gjennomføre eit IT-prosjekt etter smidige systemutviklingsprinsipp.

Merk at det som er sagt her om Prosjektvegvisaren sin relasjon til smidig utviklingsmetodikk er vinkla mot utvikling som blir gjennomført og styrt innan eiga prosjektgruppe/organisasjon. Anskaffing av programvareleveransar utvikla eksternt gjennom ein underleverandøravtale fell inn under anskaffingsprosessen og blir beskriven som ein del av denne.

Kva er Smidig?

Smidige metodar tar som utgangspunkt at systemutvikling er uføreseieleg, og at prioriteringa av funksjonelle krav vil kunne endre seg etter kvart som systemet tar form. Smidige metodar avgrensar denne risikoen ved å utvikle systemet stegvis og med hyppige leveransar, styre etter verdi og fokusere på kontinuerleg læring.

Omgrepet «smidig» femner fleire metodar, med noko ulik vektlegging og utforming av dei smidige prinsippa. Den smidige metoden som Prosjektvegvisaren refererer til er Scrum, og beskrivinga av Prosjektvegvisaren sin relasjon til smidig utviklingsmetodikk er knytt til denne metoden.

Prosjektvegvisaren ønskjer gjennom denne tilnærminga å

  • ta høgde for grunnleggjande prinsipp for utvikling basert på Scrum
  • ta høgde for Scrums prinsipp som også er enkle å relatere til PRINCE2® som basis rammeverk (ref. PRINCE2 Agile)
  • skape ein relasjon til Scrum-terminologien, gjennom ei prosjektfagleg omgrepsliste
  • seie noko om korleis val av Scrum påverkar arbeidet i kvar fase, korleis det påverkar ulike leiingsprodukt, og korleis det pregar arbeidet med gjennomføringsstrategien; medrekna inndeling av prosjektgjennomføringa i fleire delfasar.

Les meir om:

Sharethis