Scrum i gjennomføringsfasane

Gjennomføringsfasen vil ofte vere delt opp i fleire delfasar. For kvar gjennomføringsfase inneber det at strategiar utarbeidde i planleggingsfasen, blir lagt til grunn for det ein skal gjere.

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endra: 16. okt 2019

I planleggingsfasen ble det gjort reie for kva god styringsdokumentasjon for smidige prosjekter bør innehalde. I denne dokumentasjonen har ein dermed lagt grunnlaget for smidig gjennomføring, dersom alle aktørar tilpassar seg dei prosjektrollane dei blir tildela, og dersom tilstrekkeleg mogning og opplæring i smidig gjennomføring er sikra bland prosjektets nøkkelpersonar. Slike ting inngår i gode førebuingar i planleggingsfasen.

Kvar gjennomføringsfase kan innehalde ein eller fleire leveransar, som igjen kan ha ein til fleire sprintar. Grunna prinsippet om kontinuerleg beskriving av den funksjonelle løysinga, er det ein kritisk suksessfaktor for smidig tilnærming at produkteigar, og teamet knytt til produkteigar, har tilstrekkeleg høve til å dekkje produkteigaransvaret på ein god måte.

Les meir om bruk av Smidig (Scrum) i Prosjektvegvisaren.

Sharethis