Scrum i konseptfasen

I konseptfasen fokuserer ein på å utreie alternative konsept, identifisere det prosjektet som gir størst måloppnåing og tilfredsstiller verksemda sitt behov.

Publisert: 03. Mai 2019, Sist endra: 14. okt 2019

I koseptfasen skal ein definere verksemdas behov og overordna funksjonelle krav. Produktkøa kan naturleg bli etablert i konseptfasen på eit overordna nivå per konsept. Den vil allereie her danne grunnlag for blant anna kostnadsbudsjettet, gevinstrealisering, nytte/kost prioriteringar, leveranseplaner, detaljerte planer og eventuelt anskaffingar. Eposene her har eit kostnadsbudsjett knytt til seg. På same måte har dei nytteverdi knytt til seg, då effektmåla frå lønsemdanalysen (prosjektgrunngjeving) gir vinst/nytte-ramma for alle eposene i den overordna produktkøa, og vidare i prosjektet for detaljerte brukarhistorier.

Denne fasen – som alle andre fasar - kan ein organisere i sprintar for leveransar i høve til smidige metodar.

 

Sharethis